«Trollspeglar» er i sal

Reidun har no sluttført arbeidet med boka «Trollspeglar». Det er ein roman, der vi følgjer hovedpersonen si reise gjennom livet. Refleksjonar i møte med menneske og situasjoner utgjer tyngda i boka, og lesaren vil kunne kjenne seg att i mange av situasjonane hovedpersonen møter. Boka er i sal eller kan tingast hos næraste bokhandel.

«Ospesong» er i sal

Etter ein vellukka lansering 7. desember på Galleri Åsun er Reidun Algrøys andre bok i sal. Boka er ei rein diktsamling, og inneheld skildringar av natur og menneskeleg samspel. Her er ein smakebit frå boka, som kan tingast via Kontakt-sida Ny veg Stengsel i gamalt spori elv som alltid har vore,lagar ny veg gjennom urørd […]

Mellom menneske

Hjarteleg velkommen til Reidun Fjereide Algrøy sin eigen stad på nettet, blyantstreken.no. Her kan du lese smakebitar frå Reidun sine dikt og betraktningar i boka «Mellom menneske». Du kan også bestille boka på epost. Husk å skrive antall bøker, fullt namn og adresse i eposten.