Reidun har no sluttført arbeidet med boka «Trollspeglar». Det er ein roman, der vi følgjer hovedpersonen si reise gjennom livet. Refleksjonar i møte med menneske og situasjoner utgjer tyngda i boka, og lesaren vil kunne kjenne seg att i mange av situasjonane hovedpersonen møter.
Boka er i sal eller kan tingast hos næraste bokhandel.
«Ospesong» er i sal
Etter ein vellukka lansering 7. desember på Galleri Åsun er Reidun Algrøys andre bok i sal. Boka er ei rein diktsamling, og inneheld skildringar av natur og menneskeleg samspel.
Her er ein smakebit frå boka, som kan tingast via Kontakt-sida

Ny veg
Stengsel i gamalt spor
i elv som alltid har vore,
lagar ny veg gjennom urørd jord,
piplar fyrst berre tåre for tåre.
Mellom menneske

Hjarteleg velkommen til Reidun Fjereide Algrøy sin eigen stad på nettet, blyantstreken.no. Her kan du lese smakebitar frå Reidun sine dikt og betraktningar i boka «Mellom menneske». Du kan også bestille boka på epost. Husk å skrive antall bøker, fullt namn og adresse i eposten.
Smakebitar
Her har vi lagt ut nokre av dikta du finn i «Mellom menneske». Dikta kan nytast og nyttast. Dersom du vil nytte dei til meir kommersielle føremål set vi pris på om du tek kontakt med oss.
Fortsett å lese «Smakebitar»