Smakebitar

Her har vi lagt ut nokre av dikta du finn i «Mellom menneske». Dikta kan nytast og nyttast. Dersom du vil nytte dei til meir kommersielle føremål set vi pris på om du tek kontakt med oss.

Åleine

Orda,
ventande,
lengtande
mot ei kjensle.
Kjensle bak attlate dør,
soleis har det vore
– lenge.
Ord og kjensle trivst i lag,
men ofte einsame,
ofte
attlatne dører.

– Reidun Fjereide Algrøy

Saman

Vi lutar oss
mot vinden,
saman,
stør oss
til kvarandre,
fell ikkje
so lett,
når vi er to,
når livet
vert tøft
og sjøen går høgt,
då stør vi oss
til kvarandre

– Reidun Fjereide Algrøy

Val

Då du valde
å gjera det gode,
tende du
ein liten flamme
av varme i mitt sinn.
Livet er skjørt
og kan so lett
gå i stå.
Orda du forma,
gav liv, trøyst
og von.
Takk for at du
valde bort
dei vonde orda,
dei vi alle har
i bagasjen.
Likt eit hus
som kastar lange
skuggar
i lav vintersol,
kan dei vonde orda,
kasta skuggar i
våre sinn.

– Reidun Fjereide Algrøy