Call us now:
Smakebitar
Her er nokre av dikta du finn i «Mellom menneske». Dikta kan nytast og nyttast. Dersom du vil nytte dei til meir kommersielle føremål set vi pris på om du tek kontakt med oss.
Åleine
Orda,
ventande,
lengtande
mot ei kjensle.
Kjensle bak attlate dør,
soleis har det vore
– lenge.
Ord og kjensle trivst i lag,
men ofte einsame,
ofte
attlatne dører.
– Reidun Fjereide Algrøy
Saman
Vi lutar oss
mot vinden,
saman,
stør oss
til kvarandre,
fell ikkje
so lett,
når vi er to,
når livet
vert tøft
og sjøen går høgt,
då stør vi oss
til kvarandre
– Reidun Fjereide Algrøy
Val
Då du valde
å gjera det gode,
tende du
ein liten flamme
av varme i mitt sinn.
Livet er skjørt
og kan so lett
gå i stå.
Orda du forma,
gav liv, trøyst
og von.
Takk for at du
valde bort
dei vonde orda,
dei vi alle har
i bagasjen.
Likt eit hus
som kastar lange
skuggar
i lav vintersol,
kan dei vonde orda,
kasta skuggar i
våre sinn.
– Reidun Fjereide Algrøy
Ospesong
Reidun Algrøys andre bok er ei diktsamling, og inneheld skildringar av natur og menneskeleg samspel.
Ny veg
Stengsel i gamalt spor
i elv som alltid har vore,
lagar ny veg gjennom urørd jord,
piplar fyrst berre tåre for tåre.
– Reidun Fjereide Algrøy
«Trollspeglar» er i sal
Reidun har no sluttført arbeidet med boka «Trollspeglar». Det er ein roman, der vi følgjer hovedpersonen si reise gjennom livet. Refleksjonar i møte med menneske og situasjoner utgjer tyngda i boka, og lesaren vil kunne kjenne seg att i mange av situasjonane hovedpersonen møter. Boka er i sal eller kan tingast hos næraste bokhandel.
«Ospesong» er i sal
Etter ein vellukka lansering 7. desember på Galleri Åsun er Reidun Algrøys andre bok i sal. Boka er ei rein diktsamling, og inneheld skildringar av natur og menneskeleg samspel. Her er ein smakebit frå boka. Ny veg Stengsel i gamalt spori elv som alltid har vore,lagar ny veg gjennom urørd jord,piplar fyrst berre tåre for tåre.
Mellom menneske
Hjarteleg velkommen til Reidun Fjereide Algrøy sin eigen stad på nettet, blyantstreken.no. Her kan du lese smakebitar frå Reidun sine dikt og betraktningar i boka «Mellom menneske». Du kan også bestille boka på epost. Husk å skrive antall bøker, fullt namn og adresse i eposten.
Smakebitar
Her har vi lagt ut nokre av dikta du finn i «Mellom menneske». Dikta kan nytast og nyttast. Dersom du vil nytte dei til meir kommersielle føremål set vi pris på om du tek kontakt med oss. Åleine Orda,ventande,lengtandemot ei kjensle.Kjensle bak attlate dør,soleis har det vore- lenge.Ord og kjensle trivst i lag,men ofte einsame,ofteattlatne dører. – Reidun Fjereide Algrøy Saman Vi lutar ossmot vinden,saman,stør osstil kvarandre,fell ikkjeso lett,når vi er to,når livetvert tøftog sjøen går høgt,då stør vi osstil kvarandre – Reidun Fjereide Algrøy Val Då du valdeå gjera det gode,tende duein liten flammeav varme i mitt sinn.Livet er…